Tildelingar frå SØK-stiftinga 2024

SØK-stiftinga støttar lokale tiltak med 3,0 millionar kroner 
å styremøtet den 12. november vedtok SØK-stiftinga å støtte lokale tiltak i SØK-området med 3,0 millionar kroner for 2024. I årets søknadsrunde kom det inn 74 søknadar frå 57 lag og organisasjonar, og støtta vil bidra til eit variert fritidstilbod og aktivitetar for alle aldersgrupper i SØK-bygdene.

Det er verdt å nemna at støtta frå SØK-stiftinga er ei vidareføring av den årlege støtta til allmennyttige tiltak som SØK AS stod for fram til 2021. Etter 2021 har SØK AS betalt ei årleg rente til Stiftinga på 2,7 millionar kr i tillegg til aksjeutbyte til eigarar av SØK-aksjar, i 2024 på 15,3 millionar kr.

Renteinntektene frå SØK AS gjer det mogleg å dele ut gåver som kjem bygdene til gode, og styret sette i år tildelingsramma til 3,0 millionar kroner som er litt høgare enn dei årlege renteinntektene som stiftinga mottar.


Mest til grendelag og bygdeutvikling

Ein rekordstor del av årets støtte – totalt 2,2 millionar kroner – går til grendelag og bygdeutvikling. Av dette får dei seks grendelaga og bygdeutviklingslaga i SØK-området 1,1 millionar kroner, medan ytterlegare 1,1 millionar kroner går til 6 spesifikke bygdeutviklingsprosjekt.

Grendelaga i dei 3 minste grendene får 110 000 kr kvar som dei kan nytta til bygdeutvikling og andre allmennyttige tiltak, medan støtta til dei 3 store bygdene varierer frå 220 000 – 330 000 kr til kvar.

Tildelinga til dei 6 konkrete prosjekta er også godt fordelt mellom SØK-bygdene, slik vedtektene tilseier. Ølen Idrettslag får 440 000 til bygging av ny fotball/kunstgrashall. Skånevik Kultur og Idrettshall SA får 260 000 kroner til oppgradering av 2. etasje i Skånevik si storstove. Dei andre prosjekta får tildelt 100 000 kr kvar: Langfosstien Venelag til vidareføring av steintrapp, Utbjoa Grendahus til opprusting av kjellaretasjen, Vikebygd Bygdahus til opprusting av toalettfasilitetar og Medvind Næringshage til vidareføring av lokalt opplæringstilbod for lag og organisasjonar.


Prosjekt som me håpar vil bli realisert med støtta frå Stiftinga:


Støtte til drift og kulturarbeid

Stiftinga yter også 450 000 kroner i driftsstøtte til 26 forsamlingshus og anlegg, med bidrag som varierer frå 5 000 til 120 000 kroner. Mange lag og organisasjonar i området set stor pris på denne støtta, då drift av slike lokale møteplassar kan vere krevjande.

SØK-stiftinga vidarefører si støtte til barne- og ungdomsarbeid, med 250 kroner per medlem under 16 år, noko som i år gir totalt 246 750 kroner. Største mottakar er Ølen Idrettslag med 72 000 kroner, medan Gro Idrettslag får 1 750 kroner.

Vidare er det tildelt 85 000 kroner til kulturarv og sogearbeid: Norsk Motormuseum får 50 000 kroner, Kystlaget Romsa 15 000 kroner, og Ølen og Bjoa Historielag 20 000 kroner.

Styreleiar Gunnar Dalen er glad for den store interessa og det gode arbeidet som SØK-stiftinga kan vere med å støtta:

– Me er stolte av å kunne bidra til så mange verdifulle tiltak i lokalsamfunna. Levande bygder og gode oppvekstmiljø er fundamentalt for oss, og det er difor dette er nedfelt i vedtektene våre. Gjennom støtta ønskjer me å styrka det frivillige arbeidet og bygdeutviklinga, som er avgjerande for livskvaliteten i SØK-området, seier Dalen

Gunnar Dalen,
styreleiar i SØK-stiftinga 

Oversikt over tildelingar 2024