SØK-stiftinga vedtok på styremøtet den 15. november å støtta lokale tiltak i SØK-området med 2,6 millionar kroner for 2023. I årets søknadsrunde kom det inn heile 87 søknadar frå 58 ulike lag og organisasjonar. Støtta frå SØK-stiftinga bidreg til å skapa eit mangfald av fritidstilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar i alle SØK-bygder.
Det er verdt å nemna at støtta frå SØK-stiftinga er ei vidareføring av den årlege støtta til allmennyttige tiltak som SØK AS stod for fram til 2021. Etter 2021 har SØK AS betalt ei årleg rente til Stiftinga på 2,7 millionar kr i tillegg til aksjeutbyte til eigarar av SØK-aksjar, i 2023 17,9 millionar kr.
Det er renteinntektene frå SØK AS som blir nytta til å dela ut gåver som kjem bygdene til gode. Styret sette ramma for årets tildeling til 2,6 millionar kroner, og det meste av desse midlane vart disponert i den ordinære utdelinga.
Mest til grendelag og bygdeutvikling
Årets tildeling markerer ein rekord for støtte til grendelag og bygdeutvikling, med totalt 1,9 millionar kroner. Av dette går 900 000 kroner til dei 6 grendelaga / bygdeutviklingslaga i SØK-området og 1 million kroner går til 8 konkrete bygdeutviklingsprosjekt.
Grendelaga i dei 3 minste grendene får 90 000 kr kvar som dei kan nytta til bygdeutvikling og andre allmennyttige tiltak, medan støtta til dei 3 store bygdene varierer frå 180 000 – 270 000 kr til kvar.
Tildelinga til dei 8 konkrete prosjekta er også godt fordelt mellom SØK-bygdene, slik vedtektene tilseier. Skånevik Idrettslag får 200 000 kroner til ny kunstgrasbane og det same beløpet får Etne Turlag til sherpatropp på stien opp langs Langfoss. Dei andre prosjekta får tildelt 100 000 kr kvar: Vikebygd til etablering av fleirbruksbane, Bjoa til nytt lyd- og lysanlegg i Bygdehuset, Vågen Bedehus til inventar og utstyr i det nye bedehuset, Ølen Kulturhus til lydutstyr m.m. og Ølen Idrettslag til etablering av sykkelpark. I tillegg gav styret grønt lys for etablering av eit lokalt opplæringstilbod for lag og organisasjonar.
Prosjekt som me håpar vil bli realisert med støtta frå Stiftinga:
680 000 kr i støtte til andre formål
350 000 kroner blei tildelt i støtte til drift av 24 anlegg og forsamlingshus. Støtta varierer frå 5 000 kr til 75 000 kr. SØK er visst ganske åleine med å gi slik driftsstøtte, og mottakarane set stor pris på denne støtta, for drift av anlegg og forsamlingshus er ei utfordring for mange lag og organisasjonar.
Støtte til Barne- og ungdomsarbeid har også ein lang tradisjon i SØK. Også i år tildeler SØK 250 kr i støtte per medlem under 16 år, noko som til saman blei 239 750 kroner til dette formålet. Her avspeglar støttebeløpa storleiken på dei ulike laga. Største laget er Ølen Idrettslag, som får 79 500 kr. Idrettslaget Gro er minst og får 1 750 kr for sine 7 medlemmer under 16 år.
70 000 kroner vart tildelt i støtte til kulturarv og sogelagsarbeid. Mellom mottakarane er Ølen og Bjoa Historielag med 20 000, Kystlaget Romsa med 15 000 kroner, Stiftelsen Norsk Motormuseum med 15 000 kroner og Ølen Husflidslag med 5 000 kroner.
Styreleiar Gunnar Dalen i SØK-stiftinga gler seg over den store interessa og det gode arbeidet som SØK-stiftinga kan vera med å støtta.
– Me er glade for at me kan støtta så mange gode tiltak i lokalsamfunna. Levande bygder og gode oppvekstmiljø i SØK-området er så viktig for SØK-stiftinga at det er nedfelt i vedtektene våre. Vår funksjon er å bidra til bygdeutvikling og samfunnsnytte og gjera kvardagen lettare for lag og organisasjonar. Me ønskjer at støtta vår skal vera ei vitaminsprøyte for det frivillige arbeidet, som er så viktig for det gode livet på bygda. Verdiskapinga og samfunnsnytten av friviljug arbeid er sterkt undervurdert, seier ein engasjert styreleiar i SØK-stiftinga.
Gunnar Dalen,
styreleiar i SØK-stiftinga