Ramme og retningslinjer for tildeling av støtte i 2024

Dei «Generelle retningslinjene for tildeling av støtte frå Stiftinga», sist revidert 6. sept. 2022, byggjer på vedtektene i Stiftinga, på stiftingsdokumentet og andre ambisjonar for Stiftinga som Stiftaren, SØK AS, har nedfelt i saksframlegg og vedtak i Generalforsamlinga den 30. august 2021. I samsvar med punkt 5 i dei generelle retningslinjene, skal Styret i Stiftinga kvart år fastsetja ramme for årets tildeling og detaljerte reglar og vilkår for støtte.

1. Ramme for tildeling av støtte frå Stiftinga i 2024

I saksframlegget til Generalforsamlinga i SØK AS i 2021 vart det lagt til grunn at Stiftinga skulle tilførast ein kapital som gjorde det mogleg for Stiftinga å vidareføra eit støtteomfang på om lag 2,5 mill. kr årleg (2017 kroner). Det faktiske omfanget av støtte dei tre siste åra før omdanninga var på 1,9 mill. kr i 2018, 2,4 mill. kr i 2019 og 2,7 mill. kr i 2020. Basert på Stiftaren sine uttrykte ambisjonar og Stiftaren sine faktiske tildelingar i åra før omdanninga, vil ei «vidareføring av den årlege tildelinga» tilseia ei ramme på inntil 2,5 mill. kr (2017 – kr).
Styret i Stiftinga vil innanfor denne årlege ramma disponera Stiftinga sine inntekter og kapital på ein måte som tillèt fleksibilitet mellom år, men som følgjer det fastsette ramme-gjennomsnittet over 5 år. Styret legg vidare til grunn at tildeling av støtte skal skje årleg når inntektene til Stiftinga tillèt det, og dermed også i 2024. Prisveksten sidan 2017 er på 26,5%.

Vedtak: Styret viser til prisveksten sidan 2017, og fastset ramma for tildeling av støtte i 2024 til 3,0 mill. kr.


2. Retningslinjer og vilkår for tildeling av støtte i 2024

Styret legg opp til å nytta følgjande retningslinjer for tildeling av støtte i 2024: 
- Samla støtte til bygde- og næringsutvikling (A + B) skal vidareførast med omlag same andel av ramma som i 2022 og fordelast med 50 % til grendelaga (A) og 50 % til Andre bygdeutviklingstiltak (B)

- Under føremål B kan det gjevast støtte til større prosjekt som grendelaga normalt ikkje kan løysa åleine. Som ein peikepinn for søkjarar vil styret for 2024 setja ei grense mellom små og store prosjekt på 400 000 kr i prosjektkostnad (inkl. dugnad og mva), eller når søknaden om støtte er på over 100 000 kr. Dugnadsinnsats i prosjekt med tippemiddelfinansiering skal verdsetjast etter reglane for slike prosjekt. I andre prosjekt kan det i staden brukast ein fast sats på 300 kr/t. Søknad om støtte til store prosjekt skal innehalda prosjektomtale, finansieringsplan og framdriftsplan. Stiftinga kan kalla inn søkjarar for å presentera prosjektet. Stiftinga kan vidare spørja grendelaga om ei vurdering / prioritering av store prosjektsøknadar frå bygda. Støtte til same prosjekt kan berre tildelast ein gong.

- Under føremål B kan det også gjevast støtte til prosjekt / aktivitet som vil tilby organisasjonsutvikling til lag og organisasjonar (praktisk styrearbeid, lagsdrift, rekruttering, leiartrening m.m.)

- Støtte til drift av anlegg og forsamlingshus (C) skal fordelast med grunnlag i kapasitet / storleik.

- Støtte til barne- og ungdomsarbeid (D) skal fordelast med ein lik sum per aktiv deltakar under 16 år. Til lag med liten aktivitet (mindre enn 6 arrangement i året) kan det gjerast avkorting i støtta med inntil 50 % ut frå regelen om lik sum per aktiv deltakar.

- Støtte til sogelag / kulturarvsarbeid (E) skal fordelast med grunnlag i aktivitetsplan og / eller prosjektbudsjett. Støtte til føremål E blir hovudsakeleg gitt til lag og foreiningar.


Tildelinga innanfor dei ulike føremåla blir gjennomført basert på den grovfordelte ramma og mottekne søknader og rapportar. Søknadsskjema for støtte skal vera tilgjengeleg i 
søknadsportalen på SØK si nettside i heile søknadsperioden, som Styret har fastsett til 16. september – 15. oktober i år. Søknader skal leverast i søknadsportalen på nettsida. Det er mogeleg for ein søkjar å søkja på fleire føremål (A-E), men søknadane må då delast opp slik at det blir sendt inn ein søknad for kvart føremål. Føremål som det offentlege har fullt ansvar for, vert ikkje støtta av Stiftinga.

Søkjarane skal leggja ved følgjande dokumentasjon:
- Omtale av søknaden
- - Rekneskap inkl. balanse og årsmelding for siste kalenderår
- Aktiviteten i laget / prosjektet siste kalenderår
- Liste over aktive medlemmer i laget, når dette er relevant
- Synleggjering av støtte frå SØK-stiftinga, når dette er relevant

Berre søkjarar som har eige organisasjonsnummer, eller som samarbeider med ein organisasjon med organisasjonsnummer, kan senda søknad om støtte. Når ein søkjar har fleire underavdelingar / undergrupper, kan ikkje deltakarar reknast med meir enn ein gong, sjølv om same person deltar i fleire underavdelingar.

Til søkjarar som ikkje oppfyller alle vilkåra for tildeling av støtte, ikkje rapporterer bruk av tidlegare støtte eller ikkje møter på kontaktmøte, kan det gjerast avkorting i støtta.

Støtte til føremål A, C, D og E blir utbetalt etter at styret har gjort vedtak om tildelinga i november 2024. Støtte til større prosjekt under føremål B blir utbetalt i to deler, 25 % når prosjektet har starta opp og resten etter at Stiftinga har mottatt sluttrapport med rekneskap. Prosjektet må vera starta opp seinast 1 år etter tildelinga og gjennomføringsfristen er maksimalt 2 år frå oppstart. Det er mogleg å søkja om utsett frist for oppstart av prosjekt med inntil 1 år. Ubrukte tildelingar kan overførast til neste års ramme for tildeling av støtte.

Vedtak: Styret legg reglane og vilkåra ovanfor til grunn ved tildeling av støtte i 2024

3. Grovfordeling av støtta frå Stiftinga i 2024

Vedtak: Ut frå dei «Generelle retningslinjene for tildeling av støtte frå Stiftinga», vedtar Styret følgjande grovfordeling for tildeling av støtte for 2024 (faktisk 2023 - tildeling i parentes, der ramma vart auka med 100 000 kr frå ei tilbakeført 2022-tildeling):

Føremål                                                                                                2024                           2023
A. Tilskot til grendelag / bygdeutviklingslag                   kr 1 100 000                 (900 000)
B. Støtte til andre bygdeutviklingstiltak                           kr 1 100 000              (1 000 000)
C. Støtte til drift av anlegg og forsamlingshus                kr    450 000                 (350 000)
D. Støtte til barne- og ungdomsarbeid                              kr    260 000                 (239 750)
E. Støtte til kulturarv og sogelagsarbeid                          kr       85 000                   (70 000)
F. Reserve                                                                                    kr          5 000                   (20 000)
Ramme for fordeling                                                              kr  3 000 000             (2 579 750)

Endeleg tildeling blir gjort i styremøte i SØK-stiftinga etter at søknadsrunden 2024 er avslutta.

Fastsett av Styret 3. september 2024.

Søknadsrunden 2024

Årets søknadsrunde for SØK Stiftinga blir i perioden 15.9. - 15.10.2024. Me håpar på mange gode søknadar til gode formål for vidare utvikling av bygdene i det gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
 

Kontakt

SØK Stiftinga

Ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling i gamle Skånevil Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
© SØK Stiftinga