Ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling.

SØK Stiftinga er ein lokal bidragsytar som ynskjer å styrka lokal bygde- og næringsutviklingsprosjekt, gjennom støtte til lokale føremål i konsesjonsområdet.
Kvart år tildeler SØK Stiftinga midlar til lokale prosjekt og aktørar som driv med friviljug arbeid, både for born, ungdom og vaksne. 

SØK-stiftinga deler ut 2,7 millionar kroner til 64 lokale tiltak

Styret i SØK-stiftinga har vedteke årets tildeling på 2,72 millionar kroner til 64 ulike tiltak frå 52 lag og organisasjonar i Ølen, Ølensvåg, Vikebygd, Bjoa, Skånevik og Åkrafjorden. 

Styret vedtok følgjande fordeling av støtte for 2025
Føremål
A. Tilskot til grendelag / bygdeutviklingslag                  kr 1 100 000
B. Støtte til andre bygdeutviklingstiltak                          kr     875 000
C. Støtte til drift av anlegg og forsamlingshus              kr     425 000
D. Støtte til barne- og ungdomsarbeid                             kr     231 250
E. Støtte til kulturarv og sogelagsarbeid                         kr       90 000
Ramme for fordeling                                                          kr 2 721 250

Nokre av dei 52 mottakarane får støtte i fleire kategoriar, til saman 64 tildelingar.
PressemeldingHer er oversikt over tildelingane i 2025

Søknadsrunden 2026

Neste søknadsrunde for SØK Stiftinga blir i perioden 15.9. - 15.10.2026. Me håpar på mange gode søknadar til gode formål for vidare utvikling av bygdene i det gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
 

Kontakt

SØK Stiftinga

Ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling i gamle Skånevil Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
© SØK Stiftinga